Nominasjon i Oppland

Publisert av: E. Amundsen Publisert: 09. desember 2024
Oppdatert: 09. desember 2024
Lesetid: ca. 3 min
Nominasjonskomiteen har i dag lagt fram sin innstilling til SVs liste for Oppland valdistrikt, med delt innstilling på toppen. Fleirtalet i komiteen ønsker Anne Lise Fredlund på toppen av lista, mens mindretalet ønsker Hans Olav Lahlum som listetopp.

Se heile lista og les meir om kandidatane lengre ned på sida. 

I ei tid der SV opplever vekst i talet på nye medlemmer i valdistriktet, er nominasjonskomiteens leiar glad for at både erfarne og unge kandidatar vil stå på SV si stortingsliste for Oppland:
– Vi kan presentere ei liste med svært gode namn, etter at nominasjonskomiteen har gjennomført ein grundig prosess. Denne har vore basert på innspel frå medlemmer og lokallag i heile Oppland, mange møte og fysiske intervju med aktuelle toppkandidatar, seier Svein Holen.

Komiteen si innstilling er delt i eit fleirtal og eit mindretal om førsteplassen, med tre medlemmer mot to. 
– Medlemmene i komiteen har naturlegvis vekta argumentasjonen for sine standpunkt ulikt, slik også lokallaga har gjort.  Likevel er det semje rundt alle kandidatane på lista, sjølv om det er dissens om kven som skal stå på toppen, seier Holen.

Han fortel at nominasjonskomiteen har lagt spesielt vekt på kandidatane sitt politiske engasjement, kunnskap og erfaring, evne og vilje til å skape gjennomslag for SV sin politikk, og til å gjera ein aktiv og god innsats i valkampen.
– Toppkandidatane representerer både solid politisk erfaring og friskt, ungdommeleg pågangsmot til å farge det politiske landskapet både raudt og grønt. I tillegg er det naturlegvis lagt vekt på at dei ulike regionane i valdistriktet skal vera representerte.

No ser han fram til gode diskusjonar i nominasjonsmøtet 25. januar.
– Vi i komiteen kjenner oss trygge på at desse kandidatane er dei rette til å gå i bresjen for ein god valkamp for SV, vinne mandat og løfte saker på Stortinget som er viktige for heile Oppland-samfunnet, avsluttar Holen. 

Nominasjonsmøtet for valdistrikt Oppland heldes laurdag 25. januar. Les meir om møtet her.

Topp 5

Fleirtalets innstillingMindretalets innstilling
1. Anne Lise Fredlund, Lillehammer (42)
Fylkesleiar, landsstyremedlem og folkevald i Lillehammer og Innlandet.
Følg på Facebook
1. Hans Olav Lahlum, Gjøvik (51)
Kommunestyremedlem i Gjøvik, historikar og forfattar.
Følg på Facebook
Fleirtalet I komiteen: Øygard, Lauen og HolenMindretalet I komiteen: Hammerstad og Stikbakke

Fleirtalet innstilling på 1. plass

Anne Lise Fredlund har brei politisk erfaring, både som kommunestyre- og fylkestingsrepresentant. Ho er også fylkesleiar i Innlandet SV. Fredlund er kjent som ein hardtarbeidande politikar som set seg grundig inn i dei mest komplekse sakene, samtidig som ho søkjer kompromiss og viser gode evner til samarbeid for å oppnå best mogleg gjennomslag for SV sin politikk. Fredlund har gode leiareigenskapar, noko som trengs både i valkampen og som stortingsrepresentant. Meir enn halvparten av lokallaga i Oppland valdistrikt har rangert Fredlund som toppkandidat.

Mindretalets innstilling på 1. plass

Vi ønsker å fremme Hans Olav Lahlum som toppkandidat for stortingslista til Oppland SV da han er en allsidig politiker med stor kapasitet, nettverk og appell. Han har vært en viktig SV-politiker både innad i partiet og i folkevalgte verv over mange år, og vi mener han er svært godt egnet til å bekle vervet som folkevalgt på Stortinget om vi klarer sikre plassen. Lahlum stiller med motivasjon for å gjøre en god valgkamp og vise frem god SV-politikk. Han er nøye, arbeidsom og har et godt politisk kompass i arbeidet han gjør. Vi har trua på alle navn vi har på lista fra Oppland – og stiller med et godt lag!

Komiteens innstilling på 2.–5. plass

2. Hans Olav Lahlum, Gjøvik (51)
3. Vårin Dagsgard-Marstein, Lom/SU (20)
4. Niklas Aas Skovdahl, Øyer (31)
5. One Enerud, Øystre Slidre (41)

Innstilling liste for Oppland valkrets

 NamnInnstillingFødselsårKommune
1Anne Lise FredlundFleirtal (3)1982Lillehammer
 Hans Olav LahlumMindretal (2)1973Gjøvik
2Hans Olav Lahlum 1973Gjøvik
3Vårin Dagsgard-Marstein 2004Lom (SU)
4Niklas Aas Skovdahl 1993Øyer
5One Granli Enerud 1983Øystre Slidre
6Kjetil Bjørklund 1967Gjøvik
7Pernille Ødegaard 1974Etnedal
8Martin Vestrum 2005Nordre Land
9Mai Bakken 1962Lom
10Helge Midttun 1955Gran
11Kjersti Tommelstad 1970Vestre Toten
12Aksel Hagen 1953Lillehammer

Fleirtal: Berit Øygard, Øystein Lauen og Svein Holen 
Mindretal: Oda Hammerstad og Ronja Aglen Stikbakke