Noko av det finaste med Norge er sterke fellesskap. Vi har bygd landet vårt på små forskjellar og like rettar. Nå er klimakrisa og forskjellskrisa dei store utfordringane i vår tid. I møte med desse, må vi endre samfunnet vårt i ei meir miljø- og klimavennleg retning. Vi må få ned forskjellane, lyfte folk ut av fattigdom og byggje gode lokalsamfunn.
Når den økonomiske eliten får meir makt og rikdom, forvitrar tilliten og samhaldet. Da får vi eit meir polarisert samfunn, og ein offentleg debatt prega av mistenkeleggjering, framandfrykt og hatefulle ytringar. SV vil ha eit samfunn der alle skal yte etter evne og dei rikaste skal bidra meir. Eit samfunn der alle kan lykkast og ingen vera utskuv.
I møte med krisene, dyrtida og den usikre framtida, må vi utvikle, ikkje avvikle velferdsstaten. Derfor stiller vi til val og håpar på moglegheit til å få gjennomført politikken vår. Med «Frampålag», har vi i den kommunestyreperioden vi snart har lagt bak oss, skapt ein open, demokratisk arena og fått belyst aktuelle saker som er viktige for innbyggarane. Vi har og fått gjennomslag for mange av våre forslag i kommunestyret. Vi vil halde fram dette arbeidet i komande periode også, dersom folket gir oss tillit.
Svein Holen
15 av listekandidatane våre, med 1. kandidat Svein Holen i midten.
Klima og natur
Verda står overfor ei klimakrisa og ei naturkrise. Vågå SV vil jobbe for reduksjon av klimagassutslepp og mot nedbygging av natur. La Vågå bli føregangskommunen i det grøne skiftet!
Vågå SV vil arbeide for:
at det blir utarbeidd eit kommunalt eller regionalt klimabudsjett
å auke kommunal kompetanse innan klima og natur
at det ikkje blir bygd ned meir natur i Vågå
klimasmart landbruk gjennom tilskotsordningar
at Jettlie blir ført attende til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i kommuneplanen sin arealdel
at kommunen viser ansvar og tek klimaomsyn som innkjøpar av varer og tenester, som forvaltar av eigedom og ved utarbeiding av planar.
at kommunen held fram elektrifisering av eigen bilpark og etablerer hurtigladarar i tettstadane i kommunen
at andelen verna natur i Vågå blir større og vi bevarer artsmangfaldet
at Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS blir enda betre på kjeldesortering
ein fortsatt streng handtering av motorferdsel i utmark
Vågå SV var det einaste partiet som stemte mot endringa i arealplanen som opna for hyttebygging i Jettlie. Vågå SV vil framleis arbeide for å stoppe rasering av Jettlie.
Vågå SV foreslo i førre periode å utarbeide eit klimabudsjett for Vågå kommune. Forslaget vart nedstemt med ni mot åtte stemmer.
Landbruk
Lønnsamt, naturvenleg og klimasmart landbruk gjødslar verdiskaping, busetjing og levande kulturlandskap. Internasjonal uro syner kor viktig det er å auke sjølvforsyningsgraden.
Vågå SV vil arbeide for å:
stoppe nedbygging av matjord og beiteareal
revidere planverket i Vågå kommune og attendeføre landbruksareal som er avsett til byggeområde
betre rammevilkåra for landbruket
framprate betydninga landbruket har for kulturlandskap, naturmangfald, sjølvforsyningsgrad og samfunnstryggleik
sikre at konsesjonslova blir praktisert strengt
få Vågå kommune til å bruke rolla som innkjøpar til å kjøpe inn stuttreist og berekraftig mat
auke sjølvforsyningsgraden, grønsaksproduksjonen og andelen økologisk mat
legge til rette for at landbruket skal nå sine klimamål
få ein kunnskapsbasert og føreseieleg forvaltning av rovvilt
SV har nasjonalt vedteke ein opptrappingsplan som gjev bonden same løn som yrkesgrupper det er naturleg å måle seg med. I Vågå er utmarksbeitet berebjelken for husdyrhald, og for Vågå SV betyr auka sjølvforsyningsgrad at også andelen dyrefor produsert i Norge må aukast.
Vågå SV foreslo i førre periode at all landbruksverksemd skal betale arbeidskraft minst etter gjeldande tariffavtale. Forslaget vart vedteke.
Vågå SV vil stoppe nedbygging av matjord på Brustugujordet og reversere vedtaket i kommuneplanen sin arealdel. Arealet må førast attende til landbruksformål.
Næringsliv for framtida
Plassert mellom nasjonalparkane, og med eit mangfaldig ressursgrunnlag, har Vågå alle moglegheiter til å kome i førarsetet i utviklinga av eit framtidsretta næringsliv.
Vågå SV vil:
drive ein aktiv bustadpolitikk, mellom anna for å legge til rette for næringsutvikling
styrke dialogen og samhandlinga mellom næringslivet og kommunen
arbeide for gode og konkurransedyktige rammevilkår for næringslivet
legge til rette for gode næringsareal
legge spesielt til rette for at lokalt næringsliv kan konkurrere om kontraktar med kommunen
alltid stille krav om ryddige konkurransevilkår når kommunen går inn i kontraktar
at kommunen som innkjøpar og eigedomsforvaltar skal vekte klima- og naturomsyn
arbeide for desentralisering av statlege arbeidsplassar
støtte initiativ til grønt reiseliv og andre grøne arbeidsplassar
ta vare på og vidareutvikle det autentiske og kompakte Vågåmo
Det nye arbeidslivet
Eit godt arbeidsliv er eit organisert arbeidsliv der heile og faste stillingar er hovudregelen. Kommunen skal ha ordna arbeidsforhold, godt arbeidsmiljø, og krevje det same av entreprenørar og andre leverandørar av varer og tenester til kommunen.
Vågå SV vil:
Som arbeidsgjevar
arbeide for heile og faste stillingar
sikre god kompetanse og bemanning, ha rom for å tilby fagbrev på jobb, og ha plan for etter- og vidareutdanningar
lytte og ha tillit til dei tilsette
verne om rettane dei tilsette har til medverknad og til å ytre seg om arbeidssituasjonen
følgje opp lov- og avtaleverk om likeløn og likestilling
inkludere og kvalifisere personell som treng eit løft for å kome inn (att) i arbeid
gje tilbod om heile stillingar til alle fast deltidstilsette i sektoren helse og meistring, der rekrutteringsutfordringane blir store i åra som kjem
Som samfunnsaktør
gå imot konkurranseutsetting og privatisering av tenester
stille krav om ryddige arbeidsforhold ved innkjøp og inngåing av kontraktar
førebyggje sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og miljøskadeleg produksjon
Meistring og inkludering
Barn og oppvekst
Ein trygg barnehage- og skulekvardag er fundamentet for meistring og god læring. Alle elevar skal ha same moglegheit og likeverdige tilbod uavhengig av økonomi, etnisitet og religion. Vi treng nok bemanning, tidleg innsats og variert skuledag. Førebygging løner seg!
Vågå SV vil:
styrke det psykiske helsetilbodet til barn og unge, m.a. ved å styrke skulehelsetenesta
ha ein debatt om heimearbeid og leksehjelp i skulen
arbeide for at alle ungar skal lykkast i skule og lokalsamfunn
prioritere å få inn fleire yrkesgrupper der barn og unge ferdast, både i skule og fritid
prioritere kulturskulen, og aktivt arbeide for ordningar og praksis som gjer at kulturskulen femnar om enda fleire barn
arbeide for at regionen skal stå saman om å sikre elevane eit breiast mogleg studietilbod i vidaregåande skule
styrke lærlingordninga, både i den kommunale organisasjonen og i andre verksemder
Vågå SV foreslo i førre periode ei styrking av helsestasjonen og skulehelsetenesta. Vi vart nedstemt 15 mot 2.
Helse- og velferdstilbod
Helse-, velferds- og omsorgstenestene skal vera individuelt tilpassa og lett tilgjengelege. Vi må sikre lokale tilbod og oppsøkjande tenester i ein kommune som Vågå, med store avstandar og spreidd busetnad.
Vågå SV vil:
styrke helsefremmande og førebyggande arbeid i alle aldersgrupper
ta initiativ til samarbeid om sjukeheimplassar i regionen, for å få breiare tilbod og høgare kompetanse
auke sosialhjelpsatsen for familiar som fell utanom trygdeordningar
ha målretta tiltak overfor låginntektsfamiliar, og sikre ferietilbod til barn i grunnskulealder, i samarbeid med frivillige og ideelle organisasjonar
sikre og utvikle det regionale helsesamarbeidet, som er forankra i Nord-Gudbrandsdal Lokalmedisinske senter (NGLMS), og samarbeidet med spesialisthelsetenestene
fortsette å jobbe for auka gjeldsrådgjevarressurs i NAV
Vågå SV vil ha universelt utforma gangveg langs Ottaelva frå Vanglandet, opp langs Finna og med bru over til bustad- og næringsområdet på andre sida.
Kultur
Kunst og kultur utviklar sosiale fellesskap, debatt og kunnskap. Vagverane skal ha tilgang til kunst og kultur av høg kvalitet.
Vågå SV vil
arbeide for å sikre innbyggarane eit breitt kulturtilbod
prioritere tilskot til lag og organisasjonar, særleg der aktivitetane er retta inn mot barn og unge og andre grupper i befolkninga som treng tilrettelagte aktivitetstiltak
prioritere satsing på folkebiblioteket som arena for kunnskap, debatt og kulturopplevingar
sikre drifta av frivilligsentralen som møteplass, utvikle tilbodet der og ta vare på dei frivillige
arbeide for bruk av nynorsk i all offentleg kommunikasjon
bidra til å skape liv og samlingspunkt i dei nedlagte grendeskulane i samarbeid med det frivillige kulturlivet og ideelle organisasjonar
Styrk demokratiet
Vågå SV vil vidareutvikle folkestyret og sikre større deltaking. Vi vil gje fleire moglegheit til å engasjere seg og påverke i saker som skal til politisk behandling. I eit likestilt lokaldemokrati, er det like naturleg å sjå kvinner som menn i maktposisjonar, og balansert kjønnsfordeling i kommunestyret og politiske utval.
Vågå SV vil:
arbeide for at alle skal kjenne seg inkluderte. Utanforskap kostar både enkeltindivid og samfunn dyrt
halde fram med å arrangere opne møte, for å spre kunnskap og skape arenaer for meiningsfylte diskusjonar om aktuelle tema
på nytt fremje forslag i kommunestyret om at ungdomsrådet og råd for eldre og funksjonshemma skal få tilbod om fast taletid i politiske organ
opptre i politiske prosessar og diskusjonar på ein respektfull måte. Vi vil aktivt arbeide mot hets, latterleggjering og hatefulle ytringar
Vågå SV hadde i førre periode fleire opne møte om viktige politiske saker, blant anna om etablering av datasenter på Lalm og hyttefelt i Jettlie.
Kommuneøkonomi
Vågå kommune har god økonomistyring og eit brukbart handlingsrom. Store investeringar og uavklarte kostnader knytt til flaumsikring av sentrum utfordrar likevel det økonomiske bildet i åra som kjem.
Vågå SV vil:
trygge arbeidsplassane ved å føre ein ansvarleg økonomisk politikk
vurdere nøye alle investeringsprosjekt opp mot kommunen sin evne til å bera lånegjelda
arbeide for at den kommunale bygnings- og eigedomsmassen får tilstrekkeleg med økonomiske ressursar til vedlikehald og renovering
arbeide mot privatisering av kommunale tenester
Ein aktiv og sosial bustadpolitikk
Vågå SV meiner at kommunen saman med Husbanken må ta ansvar for å sikre tilstrekkeleg bustadbygging, både for salg og utleige. Samtidig må kommunen føre ein aktivt sosial bustadpolitikk, som bidreg til at fleire kan få skaffe seg eigen bustad.
Vågå SV vil:
sikre tilstrekkeleg areal for bustadbygging, men samtidig ta vare på matjord
opprette fond for tilskotsordning til personar under 35 år, som bygger eller kjøper heilårsbustad til eige bruk i Vågå kommune