Israels krig mot Gaza blir ført med ein brutalitet som overgår det meste verda har sett. Verken sivile liv eller sivil infrastruktur, som bustadblokker, sjukehus og skular, blir spart. Eit lite, tett folkesett område har blitt bomba med det som tilsvarer meir enn to Hiroshima-atombomber. Størstedelen av innbyggarane har blitt drivne stadig lenger sørover på Gazastripa. Ein forsterka blokade hindrar naudhjelp i å koma inn, og mangelen på mat, vatn og medisinar er akutt.
Krigføringa og tvangsfordrivinga utgjer klare brot på folkeretten. Israel gjer seg skuldige i krigsbrotsverk og etnisk reinsing, og står no tiltalt for folkemord i FN-domstolen. Domstolen har vurdert at sannsynet for at krigshandlingane og blokaden utgjer folkemord, er såpass sterkt at dei har opna sak.
Trass i dei openberre brota mot internasjonal rett, har reaksjonane frå vestlege land vore svake. Sentrale land som USA, Storbritannia og Tyskland forsvarer tvert imot Israels krigføring. USA er Israels viktigaste støttespelar og leverer stadig nye våpen. Rett etter at FN-domstolen opna sak mot Israel og mellom anna kravde at mykje meir naudhjelp måtte koma inn i Gaza, gjekk 16 vestlege land motsett veg og trekte all støtte til FN-organisasjonen UNRWA, som er den viktigaste humanitære organisasjonen for palestinarane.
Vestlege land likar å sjå på seg sjølv som dei fremste forsvararane av menneskerettane og folkeretten. Ved å direkte og indirekte støtta Israels krig mot Gaza har dei mista det truverdet dei kan ha hatt i så måte. Det har blitt tydeleg for alle som vil sjå, at vestlege lands utanrikspolitikk er styrt av makt og interesser.
Innlandet SV meiner at eit truverdig forsvar av folkeretten og menneskerettane berre er mogleg når ein er konsekvent og ser på dei som universelle rettar – at dei gjeld alle. Det betyr også at grove brot på desse reglane må få konsekvensar, uavhengig av kven som står bak. Når dette ikkje skjer, blir terskelen for å bryta internasjonal rett lågare også i andre tilfelle, og andre aktørar vil kunna peika på vestleg dobbeltmoral for å prøva å rettferdiggjera sine eigne brotsverk. Dette fører oss inn i ei farlegare verd der den sterkaste sin rett avløyser dei siviliserande reglane som folkeretten og menneskerettane er.
Noreg har vore i fremste rekke blant vestlege land i kritikken av Israel, og den norske regjeringa har sjølv åtvara mot vestleg dobbeltmoral. Likevel er heller ikkje norsk utanrikspolitikk upåverka av denne. Regjeringa avviser alle forslag til sanksjonar mot Israels krigføring, delvis grunngitt i at det ikkje finst internasjonale sanksjonar vedtatt av FNs tryggingsråd eller EU. Årsaka til at det ikkje blir vedtatt slike internasjonale sanksjonar er openberr: USA vil legga ned veto i Tryggingsrådet, og leiande EU-land er totalt avvisande til at Israels krigsbrotsverk skal få konsekvensar.
Norsk utanrikspolitikk er i stor grad underordna USA sine haldningar og interesser. Den tette tilknytinga til USA, dels gjennom Nato-medlemskapet, gjer at norske regjeringar ikkje vågar å utfordra USA. Det ser me tydeleg i denne saka. Å gjera Noreg stadig meir avhengig av USA er ikkje berre ein risikabel strategi for norsk sikkerheit. Det gjer også norsk utanrikspolitikk mindre solidarisk og mindre støttande til internasjonal rett – i strid med våre eigne interesser som ein liten stat i verda.
Innlandet SV solidaritet går til alle ofra av folkerettsstridig krig og okkupasjon. Me avviser at Noreg skal vera underlagt stormakters jag etter å dominera andre. Det er på tide med ein konsekvent utanrikspolitikk som set alle menneskeliv like høgt, og som forsvarer folkeretten uansett kven som bryt han.
Innlandet SV oppfordrer alle – næringsliv, organisasjoner og enkeltpersoner – om ikke å kjøpe varer og tjenester fra Israel og de okkuperte områdene. Innlandet SV krever at regjering og storting: