Eg vil gjerne bidra til å gjera kvardagen betre for alle som bur i kommunen vår. Eg har tru på at samhaldet og fellesskapet vårt vil finne gode løysingar, også for dei som ikkje har så sterke nettverk eller store økonomiske ressursar.
Eg vil at kommunen skal vera ein ryddig og god arbeidsgjevar, og at frivillige skal få sleppe til og vera gode supplement til dei kommunale tenestene. Eg ynskjer også at vi skal bli flinkare til å ta vare på matjorda og naturen vår. Og eg brenn spesielt for at ungane våre skal ha trygge og gode oppvekstvilkår og kjenne at dei høyrer til i bygda vår.
Det eg spesielt ønskjer å ta med meg inn i kommunepolitikken er eit engasjement for natur og klima, tettstadutvikling og gode bumiljø. Omgjevnadane våre, både dei vi har tett på oss og dei som lagar dei store romma rundt oss, har så mykje å seie for oss, kanskje meir enn vi ofte tenkjer over. Eg meiner at nettopp vi, dagens vaksne, har eit ansvar for å ikkje øydeleggje natur eller forsterke klimaendringane – det ansvaret må vi ta på vegne av dei som er unge i dag. Vi må tørre å stille spørsmål, og tørre å tenkje langsiktig og større enn oss sjølve.
Eg brenn for gode demokratiske prosessar der folk er trygge på at deira meining har betydning. Den aukande ulikskapen mellom fattig og rik kan øydelegge dette, og må kjempast mot. Så er det å legge til rette for at landbruket kan produsere god, norsk, sunn mat som er berekraftig og rettferdig. Vågåmo sentrum er ekte og kompakt med småbutikkar og anna, og slik bør det fortsatt vere. Til slutt er sjølvsagt klima og naturkrisa. Vi må få slutt på nedbygging av natur, og vi må redusere våre klimagassutslepp.
Fra sidelinja er det ikkje mykje ein kan få til, men saman kan vi endre situasjonen for dei som slit i dagens samfunn. Ein skulekvardag og ei fritid kor alle er inkludert, eit arbeidsliv kor vi får gjere vårt beste etter evna våre, eit berekraftig landbruk som styrkar distrikts-Noreg.
Levande bygder og grender gjev bulyst. Dette krev økonomisk utjamning og auka støtte til distriktskommunane.
Arbeider vi saman gjennom utfordringane, kan vi vere med på å styrke demokratiet.
Eg står på lista til Vågå SV fordi eg meiner at vi har gode tankar og idear som kan gjere lokalsamfunnet betre. For meg er SV det alternativet som best varetek hjartesakene mine: natur og miljø, skule og oppvekst og styrking av demokratiet.
Vi er opptekne av at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta på ulike fritidsaktivitetar. Dette vil gje gode opplevingar for barn og unge og fremjar inkludering. Vågå SV er ei viktig stemme for å hindre nedbygging av natur, og øydelegging av dei fine naturressursane vi alle deler.
Gjennom opne møter og dialog kan vi inkludere fleire i lokalpolitikken, og styrke demokratiet i Vågå.
Eg trur Vågå blir ein betre plass med SV på laget!