Innfør feriepengar på dagpengar på nytt!

Uttalelse vedtatt av Innlandet SVs fylkesstyre 14.9.2020

Solberg-regjeringa fjerna i 2015 retten permitterte hadde til feriepengar på dagpengar. Nå er landet i ein heilt spesiell situasjon, der styresmaktene har stengt ned store delar av samfunnet og lagt store restriksjonar på bedriftene. Dette har resultert i at fleire hundre tusen menneske har mista jobben, enten midlertidig eller permanent. Arbeidsløyse skaper økonomiske utfordringar for den enkelte. I samband med behandling av revidert nasjonalbudsjett før sommaren, foreslo delar av opposisjonen på Stortinget at feriepengar på dagpengar vart innført på nytt. Det forslaget nådde dessverre ikkje fram.

I tillegg til at mange har mista arbeidet i år, og dermed fått inntekta sterkt redusert, kjem dei også i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon til ferien neste år. Dersom dei er arbeidsledige store delar av inneverande år, men kjem i arbeid att, vil dei miste inntil ein månad med inntekt i juni 2021. Dei vil da måtte jobbe heile sommaren, eller ta fri utan løn.

Ei forskargruppe med deltakarar frå Frischsenteret, SSB og Nav, kom allereie i mars med ein rapport som viste at dei fleste som vart kasta ut i arbeidsløyse som følgje av koronapandemien, var personar med låg inntekt og utdanning.

Regjeringa har oppmoda alle til dugnadsinnsats som følgje av pandemien, men er sjølv ikkje med på dugnaden når folk mister pengar å leve av.

Innlandet SV kan ikkje akseptere at det er det er folk med lågast løn som skal bera den tyngste børa, og vil alltid kjempe for å redusere økonomiske og sosiale skilnader.  At folk som har vorte ståande utanfor arbeidslivet som følgje av krisa ikkje skal ha feriepengar på dagpengar, rammar sterkast dei som har lågast inntekt frå før, og blant desse er det også mange barnefamiliar.

Vi oppmodar stortingsgruppa i SV om å gå i dialog med LO og dei andre raudgrøne partia på Stortinget, for å skape ein brei allianse og reise kampen om retten til feriepengar på dagpengar på nytt. LO bør vurdere alle lovlege maktmidlar som fagrørsla rår over for å gje kravet tyngde.

Den totale kostnaden er rekna til omlag fire mrd. kr., men dette handlar om politiske prioriteringar. Reversering av redusert formueskatt kan vera eitt av fleire bidrag til å finansiere ordninga, og eit symbol på at også dei som har sleppt billig unna krisa skal ta del i dugnaden etter pandemien.