Kredittkortrenter og samfunnsansvar

Uttalelse vedtatt av Innlandet SVs fylkesstyre 23. august 2020.

Kredittkort er ei nyttig teneste for mange av oss. Dei er trygge å ha på reise, når vi handlar på nett, eller når vi treng ekstra pengar rett før løna kjem på konto. Og tenesta er meir enn gratis, for dersom vi evnar å betale heile den uteståande saldoen ved forfall, har vi gjerne hatt meir enn ein månad rentefritt lån. Kredittkort er også god butikk for låneinstitusjonen, så kva er da problemet?

Det er ikkje noko som heiter gratis lunsj, er det sagt, for nokon må betale rekninga. Skal vi berre akseptere at det er folk med dårleg råd, eller som allereie sit i stor gjeld, som skal betale for alle?

I ei tid der styringsrenta frå sentralbanken er null og renta på bustadlån er under to prosent, ligg effektiv rente på kredittkort framleis mellom 15 og 30 prosent, og høgare enn det. Kvifor er det slik?

Sjølvsagt handlar det om at låneinstitusjonane må ha betalt for risikoen. Dei stiller kreditt til disposisjon utan sikring i fast eigedom eller anna. Logikken er enkel, men står rentenivået i rimeleg forhold til risikoen?

Ved søknad om kredittkort skal låneinstitusjonane gjera ein kredittsjekk. Tidlegare kunne nok det vera både tidkrevjande og lite treffsikkert. Etter at det sentrale gjeldsregisteret kom på plass i fjor, har tilgangen til dokumentasjon på all gjeld som ikkje er sikra vorte langt lettare. Dermed har risikoen ved å låne ut pengar også gått betydeleg ned. Mange søkjarar med dårleg betalingshistorikk eller betalingsevne bør derfor kunne lukast ut i kredittsjekken, i staden for at tenesta blir prisa så høgt.

Marknaden er naturlegvis ikkje interessert i å ta tak i problemet, for låneinstitusjonane tener gode pengar. Fleirtalet av kundane er naturlegvis meir enn tilfredse med å ha ei gratis teneste, og den delen av befolkninga som må betale rekninga har gjerne nok av andre utfordringar å streve med, enn å ta kampen mot kredittkortselskapa.

Dei fleste av oss ser kanskje ikkje dette med rentenivået som så viktig, for vi betaler pengane før rentene startar å springe. Sett i eit samfunnsperspektiv er det likevel på høg tid å reise debatten om det bør til ei sterkare styring av vilkåra til låneinstitusjonane. Så lenge dei som har råd til å betale skal ha ei teneste som er meir enn gratis, og dei som har dårleg råd må betale heile kalaset med skyhøge renter, er det innlysande at ordninga er med på å sementere eit økonomisk og sosialt klasseskilje i befolkninga.

Å ha dårleg råd i eit rikt land blir opplevd som skamfullt. Men viss vi evnar å sjå konsekvensane for familie, arbeidsgjevar, næringsliv og dei offentlege helsetenestene, forstår vi at betalingsvanskar er meir enn ei privatsak.

Landet er i ein situasjon med stor arbeidsløyse og mange permitterte. Meir enn 400 000 koronaledige tener ikkje opp feriepengar på dagpengar i år, for den ordninga har regjeringa fjerna. Lindorff og andre i bransjen ventar høgare gjeldsnivå og rekord i inkassosaker utover hausten og vinteren. Situasjonen krev at alle blir med på dugnaden og tek ansvar for å ikkje gjera belastninga for enkeltindivid enda større. Innlandet SV krev at også kredittkortselskapa blir med i den dugnaden, om ikkje frivillig så etter pålegg frå styresmaktene.