Støtte til ekspressbussane

Uttalelse vedtatt av fylkesstyret 4. mai 2020

Det er svært kritisk for ekspressbusselskapa, og dermed også for kollektivtilbodet for mange i Innlandet. Valdres kan risikere å stå utan kollektivtilbod til Oslo, og også vestover til Sogn.

Etter at Noreg vart stengt ned, og alle fekk beskjed om å halde seg heime har talet på reisande på buss og tok naturleg gått dramatisk ned. Frå sju avgangar om dagen mellom Fagernes og Oslo er i det i dag kanskje ein. Valdresekspressen som køyrer denne strekninga har ingen offentleg støtte på ruta ut over fylkesgrensa. Drifta er basert på billettinntekter, og det er stipulert med minimum 18 passasjerar pr tur for å få økonomisk balanse. I desse tider er ein langt unna dette. Slik det er no er rutene stoppa og sjåførane permitterte.

Dei ordinære bussrutene som er finansiert gjennom Innlandet fylkeskommunen, får berga økonomien sin gjennom inntekter frå fylkeskommunen, ved avtalar som vert vidareført uavhengig av nedgang i passasjertal. Flyruter og tog vert støtta nasjonalt, store flyselskap er i forhandlingar med staten om redningspakkar. Men så langt har ikkje ekspressbussane fått støtte.

SV på Stortinget har fremma forslag om at det straks må på plass ein økonomisk kompensasjon for ekspressbussar der det ikkje er tilbod om anna kollektiv transport. I tillegg til kompensasjon i den akutte krisa, vil det vere behov for ei langsiktig satsing for å bygge opp att kollektivtilbodet. SV Innlandet oppfordrar til samarbeid mellom sentrale samferdselsmyndigheiter, fylkeskommunen og busselskapa om å samarbeide for at det skal vere eit tilbod som er eit godt alternativ til privatbilisme når aktiviteten i samfunnet tar seg opp att.