Samferdsel i Innlandet

Uttalelse vedtatt av Innlandet SVs representantskap 2. oktober 2022.

Innlandet fylke har 6793 km fylkesveg, 1 233 bruer og eit vedlikehaldsetterslep på fylkesvegene på over 4 milliardar kroner. Innlandet er etter samanslåinga av fylka den største vegeigaren i Norge etter Staten. 

Klimaendringar skaper og vil fortsette å skape store utfordringar for vegnettet, og vi veit ikkje kvar, når og korleis det rammer. 

Innlandet fylkesting har gjort vedtak om å vere fossilfri innan 2025 og det er utslepp frå veganlegg og transport som utgjer dei største utsleppa av klimagassar i Innlandet. 

Nå erfarer vi i tillegg ein alvorleg brukollaps, og det er varsla at det er knytt usikkerheit kring fleire av Innlandet sine bruer. Staten har i fyrste omgang sagt at dette er noko Innlandet sjølve må ordne opp i,  det vil ikkje kome økonomisk bidrag frå den kanten.  

Brukollapsen utløyser alvorlege utfordringar for eit lite lokalsamfunn og midlar avsett til ulike andre samferdselsprosjekt gå til å løyse opp i utfordringar kring ei manglande bru. 

Innlandet treng hjelp frå Staten og i fyrste omgang ei krisepakke knytt til å få på plass ei ny bru så fort som mogleg. 

Innlandet må også bli sett i stand til å ta sitt ansvar for å redusere klimagassutsleppa og vere ein del av løysinga for resten av Norge. 

Samferdselssektoren må styrkast i Innlandet og SV vil prioritere dette: