– Nå må vi stå saman om kva vilkår vi ynskjer for landbruket i framtida. Matvaresikkerheit og auka sjølvforsyningsgrad er viktig – så korleis kan vi i lag få endra verkemidla slik at dette blir mogleg, spør SVs fylkestingsrepresentant Mai Bakken. Ho håper å få dei andre partia på fylkestinget med på SVs forslag om innspel til jordbruksforhandlingane.

SV vil at forhandlingane må fylgje opp landbruket sine eigne egne klimamål.
– Jordbruket forvaltar mykje av dei viktigaste ressursane vi har; jorda, skogen, utmarka og produksjon av mat. Dei må vi forvalte klokt for framtida, seier Bakken.
Det er også viktig å gi dei som lever av jordbruket trygge og føreseielege rammer. Innlandet SV meiner det skal være mulig å velge landbruket som yrkesvei, og kunne leve av det.
– Landbruket er under omstilling og eit auka press. Av den grunn foreslår vi ei større satsing på rådgjevingstenester og psykisk helse i landbruket, og lavterskeltilbod basert på lokale behov, avsluttar Bakken.
SVs forslag
- Øke investeringsvirkemidlene som styrker bioøkonomisatsingen, og til modernisering av det resterende driftsapparatet.
- Styrke kanaliseringspolitikken for å nytte ressursgrunnlaget i heile landet
- Bruken av beite må aukast slik at ein tek i vare ressursgrunnlaget i landbruket. Kunnskapsbasert og forutsigbar rovdyrforvaltning er ei forutsetning for auka bruk av utmarksbeite
- Jordbruksforhandlingane må fylgje opp landbruket sine eigne egne klimamål. Det må stimulerast til investeringar i klimatiltak på kvart enkelt gardsbruk, tilskot frå Enova til landbruket må styrkast. Dei regionale miljøtiltaka, RMP og SMIL må styrkast. Midla må fordelast slik at ein tek i vare internasjonale forpliktingar innan vannforureining, klima og biologisk mangfald.
- Krava til landbruket rammar dei små bruka urimeleg hardt. Investeringsbehov og krav til ombygging må tilpassast slik at ein sikrar driftsgrunnlaget på mindre bruk, og tek i vare dyrevelferd.
- Importvern må styrkes for å ivareta og sikre jordbruksproduksjon i eget land. Nye handelsavtaler må ikke gå på bekostning av norsk jordbruksproduksjon.
- Nedbygging av matjord må stoppast, jordvernet må styrkast ytterlegare
- Importen av soya må erstattast av produkt som blir framstilt på norske ressursar. Forsking og utvikling må intensiverast
- Styrke og gjennomføre tiltak for å få betre balanse mellom produksjon og etterspurnad i marknaden
- Styrke tilskuddene til regionale rekrutterings- og kompetansehevingstiltak (RK-midler), til regioneale tilretteleggingstiltak (RT-midler) og voksenagronomprogrammet.
- Landbruket er ei næring under omstilling og med auka press. Dette krev større satsing på rådgivningstjenester og psykisk helse i landbruket. Det er viktig å sikre gode lavterskeltilbod basert på lokale behov.
Les meir om SVs landbrukspolitikk her: 10 landbrukspolitiske prinsipper.
