Stem SV for miljøet og dei gode fellesskapsløysingane
For Nord-Aurdal SV er det viktig at Nord-Aurdal blir ein inkluderande kommune med gode oppvekstvilkår og brukarnære tenester, og der vi tek omsyn til miljøet i all utvikling.
I den siste perioden har SV vore pådrivar for
desentralisert barnehagestruktur i kommunen, med ny barnehage på Leira under planlegging
ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering
styrkt grunnbemanning i barnehagane
styrkt grunnbemanning i helse- og omsorgssektoren
bustadsosial handlingsplan
tiltak for inkludering
restriktiv hyttebygging
Stem oss med vidare, slik at vi blir sterkare og får gjennomført endå meir god SV-politikk!
Miljø og fellesskap er hjartesakene våre
Ein god kommune må ha eit samspel mellom offentlege tenester og privat engasjement. Nord-Aurdal skal vera kommunen der vi bryr oss om kvarandre og har gode system for å inkludere og engasjere innbyggjarane. SV er vaktbikkja som arbeider for eit solidarisk samfunn.
Klima og miljø
Ein viktig del av miljøsatsinga er å hindre nedbygging av natur. SV vil arbeide for:
at kommunen tek omsyn til klima og miljø i all planlegging
energisparande tiltak i alle kommunale bygningar
å få lagt E16 utanom Fagernes sentrum
samanhengande gang- og sykkelvegar
barnehagar der folk bur og arbeider
å oppretthalde og utvikle busstilbodet
fortetting heller enn nye hyttefelt
Kultur og inkludering
Utanforskap og einsemd er ein trussel mot fellesskapet. SV ønskjer derfor at kommunen legg til rette for varierte kulturtilbod som kan engasjere flest mogleg, og vil særleg arbeide for:
møteplassar for ulike aldersgrupper, som Storhallen, Garasjin, ungdomsklubben, Blåbærmyre, Fagernes-parken, kulturhuset,
Frivilligsentralen og Stabburshella
bibliotek over bakken og to kinosalar
å utvikle Trykkeriet til ein god møteplass for kulturskulen og ein god arena for kunst og kultur
å styrke nettverket rundt flyktningane slik at dei blir verande i kommunen
å tilby gratis norskkurs på kveldstid for arbeidsinnvandrarar
å invitere nye innbyggjarar til velkomstmøte, i samarbeid med frivillige organisasjonar
å ta vare på verneverdige bygningar og grøntområde for å skapa gode tettstadmiljø
Trygg oppvekst for barn og unge
SV vil arbeide for at alle barn i kommunen skal kunna ha ein god oppvekst, og går inn for:
å tilby foreldrekurs for alle nybakte foreldre
å sikre tilstrekkeleg kvalifisert bemanning i barnehage og skule
to kontaktlærarar i alle klasser på alle trinn, for å behalde og rekruttere lærarar
å laga gode forum for samarbeid mellom foreldre og skule
gode fritidstiltak for alle barn og unge
at opplevingskortet skal vidareførast og utvidast
Helse og velferd
SV vil arbeide for eit lokalmiljø der forholda ligg til rette for menneske i ulike livsfasar, og går inn for:
å vidareutvikle tilbodet for menneske med psykiske og fysiske utfordringar
å sikre at familiar med funksjonshemma barn og unge får sikker og tilstrekkeleg avlastning
å vidareutvikle dagtilbodet for demente
at omsorgssektoren har tilstrekkeleg bemanning, slik at ein sikrar gode tenester og gode arbeidsforhold
å vidareutvikle Frivilligsentralen som ein møteplass for alle generasjonar
å styrke folkehelsa blant anna gjennom å leggje til rette for gode trimløyper i heile kommunen
Næring og utvikling
Nord-Aurdal har som mål å vera ein næringsvennleg kommune. SV vil særleg arbeide for:
at kommunen har oppdaterte og føreseielege planar
å styrkje Fagernes som regionsenter
sentrumsnære kommunale hus og leilegheiter til overkomeleg pris
tiltak for å få fleire inn på bustadmarknaden, m.a. leige før eige
desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning i regi av Valdres karrieresenter
at SV på Stortinget også i framtida går inn for eit landbruksoppgjer som gir grunnlag for matproduksjon over heile landet