Valprogram Øystre Slidre SV 2024-2027
Last ned valbrosjyra vår som PDF her.
Kvifor røyste SV i Øystre Slidre?
Ei røyst til SV vil vere ei røyst for miljø og rettferd, for å ta klimakrisa på alvor, for nytenking innan arbeid- og næringsliv, for meir openheit og dialog mellom kommunen og innbyggjarar/hytteeigarar, og ikkje minst for betre kommunale tenester. SV stiller til val for å ta slagordet til kommunen «rein naturglede» på alvor.
Ei stemme til SV vil vere ei stemme for langsiktig og berekraftig arealplanlegging, der talet på dispensasjonar blir stramma inn. Vi ynskjer at næringsarbeidet byggjer på kunnskap og stadbundne ressursar. Kommunen må ha ein meir offensiv politikk med høve til tilflytting. Vi ynskjer lys i husa. Vi treng at bustadtilbodet vert betre og meir variert enn i dag. Vi vil arbeide for at urørt natur og naturmangfald skal vege tyngre i planlegging og avgjerder. Kulturminne og kulturmiljø er resursar som skal vera ein del av samfunnsplanlegginga til kommunen.
SV ynskjer
- Ny klima- og miljøplan for å redusere utslepp og ta vare på miljøet.
- Varig vern av Vinda.
- Satsing på eit mangfaldig fjellandbruk, og på Nasjonalt senter for fjellandbruk.
- Å stimulere stølsdrifta for å ta vare på tradisjon og kulturlandskap, og utnytte utmarksressursane.
- Fokus på innbyggjarane våre, at dei ynskjer å bli verande og delta i lokalsamfunnet.
- At kommunen legg til rette for gode møteplassar for alle.
- At frivilligsentralen får meir ressursar for å mobilisere fleire til fellesskapet.
- Eit mangfaldig kultur- og fritidstilbodet som når alle.
- Ei eldreomsorg som skin og ikkje bleiknar.
- Å jobbe aktivt og kreativt for å betre bemanningssituasjonen innan helse og omsorg.
- Å redusere ulikskapen i kvardagen gjennom gode tilbod til vanskelegstilte.
- Meir ressursar til skulane for å styrke skulemiljøet.
- At skulen og SFO skal vere ein aktiv del av lokalsamfunnet gjennom stimulering til auka samarbeid med kulturskulen, frivillige organisasjonar og lokalt arbeids- og næringsliv.
- Full barnehagedekning med rullerande inntak, og ei bemanning av vaksne og pedagogiske tilsette minst etter norma for 2019.
- At barnehagane har plass til alle borna, og
- At kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsplass basert på profesjonalitet, openheit og tillit.