Øystre Slidre

Øystre Slidre er eit lokallag i Innlandet SV.

Kontakt lokallaget

Leiar: Bjørn Kjensli
E-post: b-kjens@online.no

Følg Øystre Slidre SV på Facebook.

Kommunestyret

Øystre Slidre SV har ein representant i kommunestyret: Bjørn Kjensli. Her kan du lese meir om Bjørn.

Trykk på biletet for å lese meir om Bjørn.

Valprogram

Her kan du lese valprogrammet til Øystre Slidre SV.
Og her kan du laste ned vår valbrosjyre.

Det er tida for forandring

På same måte som høgresida i politikken vel å gjere samfunnet meir urettferdig, kan vi velje å gjere samfunnet meir rettferdig. Saman kan vi sørge for at alle born får ein trygg oppvekst, at eldre får den omsorga dei fortener og at framtida vert grøn. Vi må skape eit samfunn der vi fordeler rettferdig og løyser dei viktigaste samfunns-oppgåvene i fellesskap.

SV vil ha ein politikk som byggjer på små skilnader og sterke fellesskap. Helse og skule til folk flest må settast føre skattekutt til dei som har mest. Velferd og naturressursar skal tene oss alle, ikkje gi forteneste til nokre få.

Klima

Klimakrisa er her. Vi må handle no. I kommunestyret vil SV kjempe for å ta vare på vår flotte natur og skape eit levande og klimavennleg lokalsamfunn i komande valperiode.

Vi ser no konsekvensane av klimaendringane. Meir ekstremver, meir flaum, meir styrtregn, tørke og ras. Førebyggjande tiltak og lokale tilpassingar kostar. Snur vi ikkje utviklinga, vil konsekvensane berre verte større og meir kostbare.

Klimaendringane er eit globalt problem, men mange av løysingane finst lokalt. SV vil stille strenge miljøkrav ved offentlege innkjøp, bidra til å utvikle grønt næringsliv og omstille lokalsamfunnet. Det må bli lettare for folk å ta miljøvennlege val. Dei største utfordringane i vår tid må løysast i fellesskap.

SV vil fremme forslag om å lage ein ny miljø- og klimaplan, eit klimarekneskap og årleg rullering av handlingsplan/klimabudsjett. Vi vil føreslå å tilsetje ein eigen klima-/miljørådgjevar med spesialkompetanse på området, eller ha ei slik stilling i samarbeid med ein nabokommune.

Naturmangfold og miljøutfordringer

SV vil ta kampen mot forurensing, forsøpling og utslepp i lokalsamfunna våre. SV vågar å velje langsiktig, sjøl når presset fra sterke pengeinteresser blir stort. Miljøvenlege samfunn er gode samfunn med fridom til å fiske i reine fjordar/vatn, puste i rein luft og hauste av naturen.

Å verne Vinda vil vere ei viktig sak i denne kommunestyreperioden. Konsesjonssøknaden vart heldigvis avslått av Olje- og Energidepartementet etter sterkt lokalt engasjement frå innbyggjarane. Men det er viktig å få Vinda inn på Samla plan for verna vassdrag.

Fjellgrense for hyttebygging i Valdres er viktig for å sikre urørt natur i ein region som lever av natur- og fritidsopplevingar. Øystre Slidre må få ei slik fjellgrense snarast mogleg etter ein god prosess der alle interesser vert involvert og høyrt. Vi må også vere langt meir kritiske til arealbruken til hyttebygging og sørge for at denne verksemda er meir berekraftig med tanke på miljø og klimautfordringar. Vi vil gi folk flest, einskildpersonar og miljøomsyn ei sterk røyst mot snevre utbyggingsinteresser i plan- /dispensasjonssaker

Oppvekst og kultur

Øystre Slidre har ein god skule, men treng fleire lærarar og spesialpedagogiske ressursar. Framtidas skuledag er ein praktisk og variert heildagsskule med fleire lærarar og meir tid til kvar elev der ein legg til rette for praktisk læring, kultur og fysisk aktivitet. Vi treng ein skule der alle born kan lære, lykkast og trivast.

SV vil arbeide for at kvar skule får tildelt ei fagutdanna miljøarbeidarstilling. Dette er eit viktig og verknadsfullt tiltak for å betre den lovfesta retten til eit godt psykososialt skulemiljø for borna. Fleire Valdreskommunar har allereie dette, men Øystre Slidre heng etter her. Vidare ynskjer SV å styrke den interkommunale PP-tenesta slik at dei elevane som treng det, får hjelp raskare.

SV vil arbeide for gratis skulemåltid til alle elevane i barneskulen.

Barnehagane i Øystre Slidre må ha nok plassar og gode inne- og utemiljø.

Det må vere nok tilsette i høve til talet på born, jamfør norma for 2019, og minst ein fagutdanna per 7 born (under 3 år) og 14 born (over 3 år). Regjeringa i dag har skrytt mykje av pedagognorma dei har innført, men det er stor tverrfagleg semje om at denne er altfor dårleg. SV vil arbeide for at Øystre Slidre har fleire vaksne pr. born enn norma tilseier, både med og utan fagutdanning, og på den måten bli ein føregangskommune som viser at den tar oppvekst og utvikling til borna på alvor.

SV vil også arbeide for at det blir ein eigen styrar i kvar barnehage.

SV vil fremme forslag om at Øystre Slidre kommune sluttar seg til dei andre Valdreskommunane som er med i ordninga Ungt entreprenørskap for å fremme kreativitet og skaparglede.

Frivilligsentralen på Moatunet er ein kjær aktør i lokalsamfunnet vårt som må vidareutviklast til beste for dei som treng støtte, hjelp og sosialt samvær i kvardagen. Frivilligheit og dugnad er viktige kjenneteikn ved vårt lokalsamfunn og SV vil arbeide for stimulere denne verksemda i bygdene våre, både innan ideell verksemd og i samarbeid med kommunal verksemd der dette høver.

SV står for ein inkluderande og mangfaldig kultur- og idrettspolitikk, og vil arbeide for eit breitt tilbod av fritidsaktivitetar. Me vil sikre at alle grupper får oppleva kunst og kultur, mellom anna gjennom kulturskulen og ordningar som Den Kulturelle skulesekken og Den Kulturelle spaserstokken. Øystre Slidre kommune bør sørgje for at også barnehageborna får kulturelle opplevingar i kvardagen sin.

SV i Øystre Slidre vil arbeide for større medvit om mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø i kommunen. Bygningsmiljø eller andre typar kulturminne gjev bygdene og tettstadene våre særpreg som vi bør byggje vidare på. I tillegg er det både økonomisk gunstig og miljøvenleg å bruke og vedlikehalde bygningane vi har. SV i Øystre Slidre bør seta i gang arbeidet med ein kommunal plan for kulturminne og kulturmiljø.

Helse og omsorg

Øystre Slidre har eit bra velferdstilbod for innbyggjarane sine. Likevel er det tenester som bør bli betre av di dei ikkje er i samsvar med faglege tilrådingar anno 2019. Betre helse-/omsorgstenester er naudsynt for at eldre eller sjuke kan få eit verdig og godt liv. Demensomsorga må styrkast. Det trengs fleire tilsette både på sjukeheimen, i heimetenesta og i andre omsorgstilbod. Dei tilsette som ønskjer det, må få faste heiltidsstillingar.
SV vil arbeide for ei demensomsorg der det er tid og plass for meir individuell tilpassa omsorg og aktivitetar.

SV vil arbeide for å redusere bruken/fjerne private vikarbyrå og satse på eigne medarbeidarar.

SV vil føreslå studiestipendordninga for fagutdanna helsepersonell mot bindingstid i kommunen for å rekruttere fleire unge med ny kompetanse til denne sektoren.

SV vil gi eit betre tilbod til sosialt vanskelegstilte innbyggjarar slik at dei kan auke livskvaliteten i kvardagen. Eit dagtilbod til dei med psykiske helseproblem må etablerast.

Teknisk plan/drift og næring

Øystre Slidre må lage seg ein realistisk og forpliktande miljø- og klimaplan som er styrande for vidare utvikling og utbygging i kommunen. Planen må bli fylgt opp med menneskelege ressursar som kan medverke til gjennomføring av planen på tvers av sektorane i kommunal verksemd.
SV vil arbeide for arealnøytralitet innan arealplanlegginga. Det vil seie at bruk av dyrkbar mark og urørt natur må erstattast med nydyrking og tilbakeføring av mark til natur.

SV vil arbeide for auka kvalitet i vassforsyninga/avløp og renseanlegg, og at langt fleire vert knyta til vass- og avløpsnettet enn i dag.

SV vil arbeide for eit meir variert tilbod innan aktivitets- og kulturbasert reiseliv med lite fotavtrykk. Vi må jobbe for eit grønt og berekraftig reiseliv som ikkje øydelegg den fantastiske naturen vi lever av og som sikrar urørt natur, naturmangfald og gode opplevingar for alle også i framtida.

Hyttebygging må i langt større grad skje innan allereie regulerte hytteområde gjennom fortetting. Talet på nybygde hytter bør også reduserast da denne verksemda ikkje er berekraftig.

Dei unge vaksne i vår kommune treng fleire mindre boligar og rimelege, varierte butilbod for å busette seg her.

Landbrukspolitikken i dag styrer mot større volum i produksjonen, færre bønder, mindre bruk av lokale ressursar, meir import av råstoff til kraftfôr og auka støtte frå staten. Vi ynskjer sterkare støtte til lokalt landbruk med vekt på god utnytting av dei lokale ressursane og mindre bruk av kraftfôr. Aktive tiltak både lokalt og sentralt for å sikre lokal stølsdrift må utarbeidast saman med landbruksorganisasjonane. Dette gjeld først og fremst mjølkeprodusentar.

SV vil arbeide for fleire interessante jobbtilbod til ungdom og unge vaksne i Øystre Slidre. Kunnskapsbasert næringsutvikling må få meir fokus i norske bygder skal vi sikre busetting og lokal velferd.

SV ynskjer å skape eit lokalt «veksthus» for gründarar og mindre nystarta bedrifter slik at dei kan samarbeide fagleg og ha sosialt samvær.
SV vil legge til rette for at langt fleire skuleungdomar og studentar kan få tilbod om interessante sumarjobbar lokalt for å styrke identitet og tilhøyrsel.

Lokaldemokrati og medverknad

Innbyggjarane i Øystre Slidre har to gonger sagt eit klart og rungande nei til kommunesamanslåing. Vi vil ha eit lokaldemokrati med nærleik og aktiv deltaking. SV vil arbeide for å betre dialogen mellom kommunen og innbyggjarane. Vi treng ein meir open kultur og gode prosessar mellom lokalpolitikarar, kommunalt tilsette og oss innbyggjarar. Det same gjeld overfor alle hytteeigarane i kommunen.

Saman med utvikling av eit inkluderande lokaldemokrati, må dei folkevalde sørge for å fremme tillitsbasert leiing av kommuneadministrasjonen. Vi må bort frå tendensane til «skremmekultur». Dei tilsette er den viktigaste ressursen til kommunen som organisasjon, og difor må deira kunnskap, erfaringar og nær kontakt med innbyggjarane bli utnytta på best mogleg måte. Vi treng leiarar som motiverer, inspirerer, støttar og rettleier dei tilsette slik at alle dei menneskelege ressursane blir utnytta til beste for innbyggjarane.