Valprogram Øystre Slidre SV 2024-2027

Last ned valbrosjyra vår som PDF her.

Kvifor røyste SV i Øystre Slidre?

Ei røyst til SV vil vere ei røyst for miljø og rettferd, for å ta klimakrisa på alvor, for nytenking innan arbeid- og næringsliv, for meir openheit og dialog mellom kommunen og innbyggjarar/hytteeigarar, og ikkje minst for betre kommunale tenester. SV stiller til val for å ta slagordet til kommunen «rein naturglede» på alvor.

Ei stemme til SV vil vere ei stemme for langsiktig og berekraftig arealplanlegging, der talet på dispensasjonar blir stramma inn. Vi ynskjer at næringsarbeidet byggjer på kunnskap og stadbundne ressursar. Kommunen må ha ein meir offensiv politikk med høve til tilflytting. Vi ynskjer lys i husa. Vi treng at bustadtilbodet vert betre og meir variert enn i dag. Vi vil arbeide for at urørt natur og naturmangfald skal vege tyngre i planlegging og avgjerder. Kulturminne og kulturmiljø er resursar som skal vera ein del av samfunnsplanlegginga til kommunen.

SV ynskjer