Valprogram Sel SV 2023
Natur og miljø
Vi treng ein systemkritisk politikk for å nå måla om eit klimanøytralt samfunn og å ta vare på artsmangfaldet.
Sel SV vil:
- arbeide vidare for ein offensiv klimaplan i Sel kommune
- halde fram med satsing på energiøkonomisering
- at Sel kommune stiller miljøkrav ved alle innkjøp av varer og tenester
- at bioenergi må få ein større plass, støtteordningar for rydding i utmark må halde fram
- oppretthalde og utvide kjeldesorteringa i Sel
- ta vare på allemannsretten, men avgrense kommersialisering i sårbare område
- skjerme område i nasjonalparken der villreinen held til
- ha like rettar til friluftsliv, jakt og fiske for alle innbyggjarar i kommunen
- ha strenge retningsliner for bruk av motorkøyretøy i utmark og fjellområda våre
- ha eit godt utbygd løypenett for ski- og turgåing
- gå imot alternative løypetrasear og meir vinterbrøyting på Mysuseter og Høvringen
- gå mot planlegging av nye hytteområde.
Skule og barnehage
Gode skular og barnehagar er viktige for å skape trivsel, tryggheit og læring for livet.
Sel SV vil:
- halde fram med tidleg innsats i barnehage og skule
- auke grunnbemanninga
- ha godt utdanna fagpersonar til spesialundervisning
- at pedagogar får stønad til fagleg oppdatering
- styrke Otta læringssenter så personar med rett og plikt til norskopplæring og Intro-program får eit best mogleg tilbod
- styrke den vidaregåande skulen på Otta for å sikre norddalsungdommen eit breitt og godt utdanningstilbod som er relevant for næringslivet i regionen.
Helse og sosial tryggheit
Vi vil kjempe for full finansiering av tenestene innan helse- og sosialsektoren og arbeide for gratis tannhelse til alle.
Sel SV vil:
- styrke grunnbemanninga, særleg i eldreomsorgen
- at nybakte mødrer raskt får besøk av jordmor/helsesjukepleiar
- ha familievikarar som kan støtte familiar i ein vanskeleg situasjon
- arbeide mot mobbing
- stoppe menns vald mot kvinner og ha gode tiltak mot familievald
- arbeide for gode tiltak for dei som slit med psykiske problem og rus
- styrke tiltaka mot barnefattigdom
- ha gode buforhold for alle i kommunen
- ha universell utforming i Sel for alle med ulike funksjonshemmingar og dei som har problem med å koma seg fram i bygningar og bygatene
- ha med brukarane til å utvikle velferdsstaten
- at Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter skal vere drivkraft i helsearbeidet i regionen
Distriktspolitikk
Kommunane må få meir overføringar, slik at dei kan yte best mogleg tenester til innbyggjarane.
Sel SV vil:
- ha startstønad til dei som skaper nye arbeidsplassar innan det grøne skiftet
- styrke busetjinga i grendene med betre nettkapasitet og infrastruktur
- arbeide for at eksisterande arbeidsplassar består og har ein berekraftig vekst i framtida.
Næring, jord- og skogbruk
Naturressursane i Sel kommune må utnyttast innan landbruk, handverk og bioenergi.
Sel SV vil:
- legge til rette og hjelpe dei som vil starte eller legge om til meir miljøvenleg industri og drift innan jord- og skogbruk
- at miljøvenlege verksemder må få rettleiing og økonomisk støtte for å etablere og utvikle seg
- at mindre bruk må få tilleggsjord slik at dei kan drive berekraftig og utvikle eit levande landbruk
- satse på utmarksbeite for å auke matproduksjonen.
Samferdsel
God, trygg miljøvennlig transport er viktig for levende bygder.
Sel SV vil:
- ha avlastingsveg forbi Rosten
- arbeide for betre vedlikehald av vegar
- ha betre buss- og togsamband
- ha meir gods over på jernbane.
Sel kommune som arbeidsgjevar
Sel SV vil vera bevisst på si rolle som arbeidsgjevar. Det er viktig at kvar enkelt arbeidar vert sett, høyrd og verdsett.
Sel SV vil:
- ha eit seriøst arbeidsliv med likelønn og rett til heile og faste stillingar
- ha eit utviklande, spanande og trygt arbeidsliv.
- Gje dei tilsette tillit og moglegheit til å bruke tida og kompetansen sin på det som gjev dei beste tenestene for innbyggjarane.
- opprette fleire lærlingplassar
- seia NEI til privatisering.
Kultur
Eit allsidig og inkluderande kulturliv gjev glede, bulyst og personleg utvikling for innbyggjarane våre.
Sel SV vil
- halde fram med den gode drifta av Otta kulturhus, med akseptable prisar for lokale lag og foreiningar
- styrke kulturskuletilbodet og andre tiltak for born og unge
- halde fram med den kulturelle spaserstokken og kinotilbod for seniorar
- oppretthalde det gode miljøet og tilboda i og rundt aktivitetshuset på Otta
- ta vare på det gode idrettstilbodet.
EØS
Fri flyt-politikken vi blir pålagte som EØS-medlem, får rettsleg verknad for 52 % av dagens kommunestyresaker. Vi får stadig fleire direktiv og andre pålegg.
Sel SV vil:
- kjempe mot denne politiske utviklinga av økonomisk liberalisme i strid med arbeidarbevegelsens grunnidé.