Sel kommunestyre ber om at Noreg skal vera ein pådrivar for at menneskerettane blir overhaldne i europeiske flyktningleirar, og at borns grunnleggande behov blir dekte. Vi ber om at statsministeren og utanriksministeren bidrar til å finne ei felles europeisk løysing på flyktningsituasjonen på dei greske øyene.
Sel kommunestyre ønskjer å vise solidaritet med flyktningane i Hellas, og sluttar seg derfor til oppropet «Evakuer barna fra Moria nå».
Det bur i dag 19.000 i flyktningleiren i Moria i Hellas, ein leir som var bygd for 3.000 flyktningar. Forholda i leiren er ikkje berre uakseptable og inhumane. Når korona-viruset rammar leiren, vil resultatet bli katastrofalt.
Hjelpearbeidarar beskriv forferdelige forhold, der det er behov for det meste: helsehjelp, adekvate stader å bu, vern mot regn, skikkeleg mat, psykologisk støtte, skulegang, sikkerheit og følelsen av eit liv. Dei beskriv òg spedborn som døyr av dehydrering og born ned i toårsalderen som driv med sjølvskading. Det har vore både sjølvmord og sjølvmordsforsøk blant born og unge som burde vore alt for små til å miste lysta til å leve.
Å akseptere desse umenneskelege forholda og lidingane det fører med seg i eit Europa der vi openbert har ressursane til å hindre dei, er eit stort svik mot borna i Moria. Det er òg eit svik mot dei ideala vi bygger samfunnet vårt på. Dette er ikkje Noreg verdig. Dette handlar om medmenneskelegheit og solidaritet med born som lid.